Home

Det er to fine herrer som gjør fine ting.

Frode Larsen, Klassisk Vorspiel, NRK P2

Press folder download

KONSERTAR/CONCERTS:

På scena er duoen noko for seg sjølv. Med lun formidling, varm humor og masse speleglede har dei framført viser og folketonar av ulikt slag - vakre, morosame, stillferdige og fengande. 
Dei kan sjå attende på tallause speleoppdrag i kulturhus, kyrkjer og på konferansemiddagar, på fjellgardar, bygdetun og til og med intimkonsertar heime hjå folk. Over alt der dei ferdast, set dei sine spor. Dei er ei musikalsk lukkepille.

Albumet inneheld viser frå Hartvig Kirans visebok «Tom Doley og andre viser». Hartvig Kiran var omsetjar, lyrikar og kringkastieheld Kirans nynorske omsetjingar av gamle amerikanske folke- og skillingsviser. Nokre av songane er oppført med kjende låtskrivarar, andre har ukjent opphav. Nokre er svært gamle, med røter attende til 1700-tallet.

Engelskspråklege versjonar er utgjevne på plate av ei rad amerikanske artistar. Forutan «Tom Doley» er nok «Sixteen tons» den som har sett størst spor etter seg. Tennessee Ernie Fords versjon, med den ikoniske klarinettintroen, vart ein millionselgjar. Sidan har m.a. Elvis og B.B. King hatt songen på repertoaret. Hartvig Kirans norske omsetjingar blei ein del av visebylgja på 60-og 70-talet, og bruka av m.a. Lillebjørn Nilsen, Lars Klevstrand og Hege Tunaal.

Kom i kontakt med Aasmund og Åsmund:
eline@skyskraperartist.no
+47 902 57 609
eller fyll ut skjemaet under: